Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Solund

Kommunehuset på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommunehuset på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved innføringa av formannskapslovene i 1837 var noverande Solund delt mellom Gulen og Askvoll kommunar. Dette hadde samanheng med at dei første kommunegrensene her som elles i landet, fylgde grensene for prestegjelda.

Etter den nye lova, hadde Utvær tinglag – dvs. sørlege delar av noverande Solund – rett til å krevje eigne kommunestyremøte, men ingen gjorde slikt krav gjeldande. Dei gjekk saman med Gulen, og fekk ein tredjepart av medlemene i kommunestyret.

Utvær. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utvær. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1854 vart likevel Utvær tinglag skilt frå som eigen kommune med namnet Utvær, og fekk eigen ordførar. Første ordførar i Utvær kommune var Peter Ulrik Egedius på Steinsundholmen. Men fattig- og skulestellet hang framleis fast i den gamle samordninga med Gulen heilt fram til 1893.

Kyrkja på Hardbakke vart bygd i 1859, og fekk tilsett eigen klokkar. I 1887 vart det vedteke å skipe Sulen prestegjeld. Samstundes vart bygdene i Nordsula overførde frå Askvoll til Solund kommune. Med unntak av den austlegaste øya Losna, hadde dermed Solund kommune fått dei grensene som den har idag.

Losna sett frå Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Losna sett frå Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved reguleringa i 1888 ynskte ikkje folket på Losna å fylgje med over frå Gulen til Solund. Først ved kommunereguleringa i 1965 vart Losna innlemma i Solund kommune.

I 2002 grensar Solund kommune mot Gulen kommune i Sognefjorden, mot Hyllestad kommune i Tollesundet og Krakhellesundet mellom Losna og Skorpa, og mot Askvoll kommune i Bufjorden. Nynorsk vart innført som administrasjonsmål i Solund i 1921. Kommuneadministrasjonen held til på Hardbakke. Kommunehuset held til i den tidlegare bygningen til Sulen Sparebank, som kommunen kjøpte i 1976.

Kommunesenteret Hardbakke i 1965. Foto: Bergens Tidende. Eigar: Johs. Mathiesen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kommunesenteret Hardbakke i 1965. Foto: Bergens Tidende. Eigar: Johs. Mathiesen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane

I 1955 var det mykje mediamerksemd i samband med at Anna Sofie Herland vart vald til den første kvinnelege ordføraren Solund kommune.

Konfliktar i kommuneleiinga

Frå midten av 1990-talet var kommunepolitikken og administrasjonen i Solund prega av djupe personkonfliktar.

Indrevær er eitt av øysamfunna i Solund der mange av husa står tomme det meste av året. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Indrevær er eitt av øysamfunna i Solund der mange av husa står tomme det meste av året. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sterk nedgang i folketalet

Ingen kommune i Sogn og Fjordane har hatt større nedgang i folketalet enn Solund.

Ung ordførar

I 2011 vart 25 år gamle Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre vald til ordførar. Han vart dermed den yngste ordføraren i Sogn og Fjordane si historie, eitt år yngre enn Rolf Domstein var då han vart ordførar i Vågsøy i 1983. Ole Gunnar Krakhellen er son til Steinar Krakhellen, som var ordførar i to periodar, 1976-1981 og 1999-2003.

Politisk leiing:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.08.2013