Konfliktar i kommuneleiinga

Steinar Krakhellen overtok som ordførar i 1999, etter striden i helse- og sosialtenesta. Foto: NRK.
Frå midten av 1990-talet var kommunepolitikken og administrasjonen i Solund prega av djupe personkonfliktar.
Mykje av striden hadde opphavet i helse- og sosialtenesta. Fylkesmannen freista å mekle, men gemyttane roa seg ikkje.
Eit resultat av striden var at Høgre fekk reint fleirtal i kommunestyret ved valet i 1999, og Steinar Krakhellen avløyste Vigdis Midtbø frå Arbeidarpartiet som ordførar. Sidan har Høgre ved fleire høve vorte skulda av opposisjonen for maktmisbruk i ein del saker.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 01.07.2010