Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Solund

Kong Olav helsar sulingar om bord i ”Basholm” frå brua på MS ”Sunnfjord” i Krakhellesundet 4. desember 1958. Saman med han på brua er ordførar Anna Sofie Herland. Ukjend fotograf. Eigar: Ola Steinsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Harald Hardråde skal i 1066 ha samla hæren sin i Solund før han sette over havet og enda sine dagar i slaget ved Stamford Bridge.

Kong Olav V

gjorde ein kort «høfligheitsstogg» og tok om bord ordførar Anna Sofie Herland som guide då han gjesta fylket under 100-årsjubiléet til Fylkesbaatane i 1958, men han steig ikkje i land. Folk gjekk med båtar ut til skipet og helsa kongen.

Kong Harald V

vitja som kronprins Solund i 1979 saman med kronprinsesse Sonja under ei større rundreise i Sogn og Fjordane. Dei vitja då Solund Verft, der dei fekk omvising.

Kronprins Harald og kronprinsesse Sonja har gått i land frå kongeskipet ”Norge” for å sjå nærare på Solund Skips Service i 1979. Til høgre ser vi direktør Reidar Engevik. Kronprinsparet var og innom aldersheimen på Hardbakke og fekk lunsj på Solund pensjonat. Foto: Johannes Mathiesen. Eigar: Johannes Mathiesen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 30.07.2009