Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Solund

Den andre verdskrigen førde til eit stort tap av menneskeliv i Solund. Dette er gravene til brørne Johannes, Sigurd og Kornelius Indrevær. Dei omkom 25. november 1940, då båten deira etter alt å døme gjekk på ei mine. Foto: Hermund Kleppa. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Franske kaperar på Husøy

I 1781 eller 1782 kom eit fransk krigsskip til Husøy etter å ha vorte jaga frå Bergen. I Husøy vart det liggjande ei veke. Dei oppførte seg ikkje fint...

Nasjonal Samling før krigen

Den einaste gongen Quislings parti Nasjonal Samling stilte liste ved Stortingsval i Sogn og Fjordane, var i 1937. På dei to første plassane stod ein ingeniør Rømcke frå Høyanger og ein fiskar frå Solund som heitte Ødejord til etternamn. Diverre har det ikkje lukkast å finne førenamna til dei to. NS-lista fekk klårt færrast røyster av alle - berre 129 - og fekk sjølvsagt ingen inn.

ANDRE VERDSKRIG:

Den tyske invasjonen i 1940

1. mai 1940 vart mineleggjarane "Uller" og "Tyr" bomba av norske fly ved Losna. Skipa var norske, men var overtekne av tyskarane. "Uller" vart skadd og sett på land, og norske krigsskip gjekk til åtak. "Tyr" stakk av mot Bergen, men vart angripen ved Folefotsundet ved Eivindvik. Ein tysk marinegast vart drepen.

Den tyske flymeldeposten på Husefjellet.

Den tyske flymeldeposten på Husefjellet.

Vaktpostar

Tyskarane etablerte vaktpost på Utvær fyr og ein vaktstasjon på Oddenova. Den siste vart øydelagd av MTB-ar i februar 1943, men oppattbygd like etter. Også på Hugøyknolten i Nordsula, på Husøyfjellet og på Tungodden bygde dei vaktstasjonar i 1940. Utvær fekk vaktstasjon i 1944.

Tyske schnellboote ved kai  i Eidevågen.

Tyske schnellboote ved kai i Eidevågen.

Shetlandsfarten

Utvær og Hjønnevåg i Solund vart frå 1941 nokre av dei mest sentrale samlingspunkta for rømlingar som ville over til Shetland.

Stølsgut er ein av båtane frå Solund som sette kursen mot Shetland med ungdom som ville gjere ein innsats mot okkupasjonsmakta.

Stølsgut er ein av båtane frå Solund som sette kursen mot Shetland med ungdom som ville gjere ein innsats mot okkupasjonsmakta.

Motstandsreiret Hjønnevåg

Alt det første krigssommaren 1940 vart Anton Hjønnevåg og sonen Martinus dregne inn i farlege oppdrag for motstandsrørsla då dei tok imot og skyssa norske agentar og utstyr.

Eit stort tal drivande miner gjorde det utrygt langs kysten både under krigen og i fleire år etterpå. Denne mina rak i land i Gåsvær på slutten av krigen. Det er Ola Waage og Oskar Steinsøy (til høgre) som har våga seg nær mina. Ukjend fotograf, eigar Hans Waage/ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Våpenlager og radiostasjon

Shetlandsgjengen sette i land fleire store våpenlaster i Solund under krigen. Den første kom til øya Begla våren 1942, der våpen og anna utstyr vart gøymt i ei stor ur. I Ospa var det våpenlager og radiostasjon.

Tragedien med MTB 345

Hendinga kring MTB-345 i Solund i 1943 med avretting av seks norske og ein engelsk marinesoldat i full uniform, er mellom dei grovaste brotsverka som nazistane gjorde seg skuld i Noreg under krigen.

Aksjonen mot kommunisten Schrøder Evensen

Kommunistcellene på Vestlandet var stadig utsette for rassia og arrestasjonar, og under ein slik kom dei over eit brev frå Furubotn der det sto at Schrøder Evensen kjende til våpenlager i Solund.

Våpen og folk til Milorg

Spesialutdanna soldatar frå Kompani Linge kom frå Shetland, og tonnevis med våpen vart vinteren 1945 frakta frå Shetland og teke i land i Solund.

Flyåtak på Utvær fyr

I 1945 vart Utvær fyr eitt av dei mange norske fyra som vart sterkt skada i allierte flyåtak.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet «Deutschland».

Falne og omkomne frå Solund

Folk frå Solund i tysk fangenskap

Folk på Ytrøy samla for å feire freden 8. mai 1945. Foto: Torborg Henriksen, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Folk på Ytrøy samla for å feire freden 8. mai 1945. Foto: Torborg Henriksen, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.05.2014