Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Gjertson Furrevik

Kristoffer Gjertson Furrevik (1911-1990) frå Furevik. Bonde og motstandsmann.

Kristoffer Gjertson Furrevik (1911-1990) frå Furevik. Bonde og motstandsmann.

Furrevik drog til Shetland 1941 med fiskeskøyta «Stål I». Han kom inn i «Shetlandsgjengen» og vart mannskap på skøyta «Frøya» som vart torpedert under frakt av norske agentar til Nord-Noreg i 1942. I 12 døgn dreiv mannskapet ikring på ein flåte og i ein lettbåt før dei vart berga. Sjølv om Furrevik var såra, gjorde han ein stor innsats for at resten av mannskapet vart berga, og han fekk tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein for innsatsen.

Furrevik segla resten av krigen på allierte krigsskip i konvoifart.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.06.2010