Hopp til innhold
X
Innhald

Lågøy Slip og Mek. Verksted

Lågøy Slipp i 1976. Foto: Magne Hamre.

Lågøy Slipp i 1976. Foto: Magne Hamre.

Lågøy Slip og Mek. Verksted på Lågøy vart starta 1933 av Kristoffer Mathiesen som dreiv til 1969. Arne Lambrechts tok då over og dreiv nokre år før han selde til Ingvald Ingvaldsen, og sonen hans, Eivind, tok over i 1983.

I 1997 gjekk verksemda over til å vere aksjeselskap - Lågøy Slipp AS.

Ingvaldsen dreiv også landhandelen på Lågøy til 1995.

Lågøy Slipp med kaia og landhandelen. Foto: Magne Hamre.

Lågøy Slipp med kaia og landhandelen. Foto: Magne Hamre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010