Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Solund

Eide Landhandel på Kolgrov. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eide Landhandel på Kolgrov. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Når det gjeld gamle handelsstader i Solund, sjå hovudsida Industri og næring i Solund.

Henrik Johan Ingebrigtsen

starta i 1850 landhandel og bakeri i Kolgrov. Han fekk støtte i starten frå handelsmann Blaauw på kremmarleiet Værholmen vest for Lavik (Handelsstaden Værholmen).

Fredrik Kristian N. Lambrechts

fødd i 1839 i Bergen starta landhandel i Nåra i 1870.

Lambrechts Eftf. AS

- sjå Fredrik Kristian N. Lambrechts.

Nils Nilsson

starta kring 1775 landhandel i Flæene i Tangenesvågen. Staden har god havn like ved skipsleia gjennom Ytre Steinsund, og det kan vere grunnen til at han prøvde seg med handel, for det er langt til næraste granne.

Lasse Janson Eide

Lasse Janson Eide

starta i 1883 landhandel på Kolgrov.

Eide Landhandel

- sjå Lasse Janson Eide.

Ludvik Johannesson Kverhella

starta landhandel i Rognsvåg på 1890-talet. Her var også postopneri frå 1899 og dampskipsanløp. Alt var lagt ned kring 1912.

Knut Johan Berentsen

starta landhandel i Indrøy i 1895. Seinare starta han fiskeeksport og bygde islager - sjå Fiskeoppdrett og sjømat i Solund.

Takle-butikken på Hardbakke

Paul Takle starta landhandel ved hamna på gardsbruket sitt på Hardbakke i 1897.

Nils Færøy

starta landhandel i Hersvikbygda kring 1900.

Hersvikbygda Landhandel

- sjå Nils Færøy.

Bernt Enstad

Bernt Enstad

(fødd Tungodden) starta landhandel på Enstad i 1908. Han dreiv også nedlegging av krabbe på boks. På Enstad kom båtstogg og brevhus i 1919, og postopneri i 1920.

Sigurd Eide

dreiv nokre år kring 1920 landhandel på Eide. Han bygde også sjøhus i 1936. Sonen Erling Eide tok opp att landhandelen etter krigen og var postopnar. Landhandelen vart avvikla i 1973.

Andreas S. Ytreøy

starta landhandel på gardsbruket sitt på Ytrøy i 1925. Her var dampskipskai, og postopneriet kom i 1955. Ny forretning vart bygd i 1978.

Lågøy Slipp med kaia og landhandelen. Foto: Magne Hamre.

Lågøy Slipp med kaia og landhandelen. Foto: Magne Hamre.

Kristoffer Hagen

Kristoffer Hagen

starta landhandel på Lågøy i 1925. Året etter bygde han dampskipskai. Frå 1970 vart handelen leigd bort til Ingvald Ingvaldsen (sjå Lågøy Slip og Mek. Verksted som la ned butikkdrifta i 1995.

Nesefjord Landhandel

på Eide vart starta i 1954 av Johannes Kråkås. Han dreiv forretninga fram til 1965.

Spar

- daglegvarebutikk i Solund Senter ANS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011