Hopp til innhold
X
Innhald

Lasse Janson Eide

Eide Landhandel. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Eide Landhandel. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lasse Janson Eide starta i 1883 landhandel på Kolgrov. Lasse skal vere ein av dei første i Solund som skaffa seg motorbåt. I 1915 overtok sonen Oskar Eide handelen, men hadde mykje uteståande blant folk og måtte gje seg i 1923. Han tok oppatt handelen på 1930-talet, og handelen har sidan vore driven av familien Eide.

Oscar Eide leverte mykje drivstoff til Shetlandsfarane under 2. verdskrig. Eide landhandel har sidan 1990-talet også hatt posttenestene for ytre Solund, m.a. med såkalla «post i butikk». Butikken vart lagd ned i 2007.

Eide Landhandel i 2007, same året som den tradisjonsrike butikken vart lagd ned. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eide Landhandel i 2007, same året som den tradisjonsrike butikken vart lagd ned. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010