Hopp til innhold
X
Innhald

Lønsamt hummarfiske

Hummar og krabbe har gitt mange sulingar ei god attåtinntekt. Her er Karl og Jakob Storøy i ferd med å dra krabbeteiner i 1950. Foto: Arnold Storøy. Eigar: Astrid Storøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Eit lite, men ofte lønsamt fiskeri var hummarfisket. Frå 1815 tok dette fisket seg kraftig opp. Prognosar seier at det årleg vart fiska mellom 25.000 og 30.000 hummarar berre i Solund.
På 1700- og 1800-vart det meste av hummaren eksportert til England frå spesielle utskipingsanlegg, der engelske seglskuter med brønn henta hummaren direkte. Slike samleanlegg var bygde i Kinnasundet i Flora, Smørhamn i Bremanger og Kolgrov i Solund. På Færøy i Nordsula var det også mottaksanlegg hos Vullum Knutsen. Norske kommisjonærar som t.d. A. Grieg & Søn i Bergen var mellommenn og sette mellom 1793 og 1860 opp tinglyste «Hummarkontrakter» med fiskarane om pris og einerett til levering. I 1864 fekk dette Bergens-firmaet kontrakt med 112 fiskarar i Solund om eineretten til hummaren for tre år. Seinare overtok lokale kjøpmenn mykje av hummar-eksporten sjølve (sjå under «Fiskeoppdrett og sjømat i Solund»).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.06.2010