Hopp til innhold
X
Innhald

Lyder Strømmen

Sjå også: Selfangstkongen Lyder Larson Strømmen.

Lyder Larson Strømmen (1882- ) frå Kolgrov. Fiskebåt- og selfangstreiar, og ein av dei store reiarane i det norske selfangstmiljøet kring 1. verdskrig.
Han var fiskar på makrellskøyter i Nordsjøen før han saman med ein kompanjong kjøpte ein engelsk seglslupp og starta for seg sjølv med dorgefiske i Nordsjøen. I 1910 fekk han saman med Jan Hess frå Buskøy bygd ei seglførande fangstskute og for å drive selfangst i Kvitsjøen. Seinare kjøpte dei to store dampbåtar for selfangst. Då Hess flytta til Askøy og trekte seg ut av firmaet, slo Lyder seg ilag med ein mann frå Ålesund, og saman dreiv dei selfangstreiarlag med tre dampdrivne selfangstskuter. Dei hadde også trandamperi i Ålesund. Frå 1915 budde Lyder Larson Strømmen i Ålesund. I nedgangstidene på 1920-talet vart mykje av selfangstverksemda avvikla.

Sjå også: Selfangstkongen Lyder Larson Strømmen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011