Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Johan Kvalvik

Magnus Johan Kvalvik (1914–1943) frå Solund. Marinesoldat. Var under 2. verdskrig dekksmann i Marinen og i Shetlandsgjengen leia av Leif Larsen (Shetlands-Larsen). Våren 1943 var han mannskap på motorkuttaren «Bratholm» då den gjekk inn i Toftefjorden for å setje i land ei gruppe frå Kompani Linge.

Etter angiveri vart dei tekne til fange av tyskarane ved Ribbenesøy den 30. mars 1943. Det kom til kamp, og «Brattholm» gjekk ned. 12 overlevande vart avretta, mellom dei Magnus Johan Kvalvik den 2. april 1943. – Sjå også Sverre Odd Jofred Kverhellen og Sjur Olai Trovåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2011