Hopp til innhold
X
Innhald

Makrelldorging

Kring 1900 var det mange vestlandsfiskarar som gjorde det godt på dorging etter makrell i Nordsjøen. Dette var meir vanleg lenger sør på Vestlandskysten, men ein og annan frå Sogn og Fjordane slengde seg med, særleg frå Solund.

Ein av dei var Andreas Jensson Strømmen som gjekk under namnet «Store-Straumen». I 1905 kjøpte han seglskøyta «Anna» som han fram til 1914 brukte til dorgefiske etter makrell i Nordsjøen. Han flytta seinare til Hovden ved Kinn. Ein annan suling som dreiv makrelldorging var Karl Karlson Lambrechts med seglsluppen «Fremad».

Peder Strand og tre andre brør fekk bygd seglsluppen «Solundir» på 69 fot i 1908 for makrelldorging og sildefiske i Nordsjøen og ved Island. Seinare kjøpte brørne to nye fiskebåtar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.06.2010