Hopp til innhold
X
Innhald

Nokre lag og organisasjonar i Solund

Nord Solund Bygdetun vart bygt i 1991. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nord Solund Bygdetun vart bygt i 1991. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Skyttarlag

vart skipa i 1896. Laget har skytebane i Mebotn aust for Hardbakke.

Jonsokblomen bygdelag

i Nordre Solund vart opphaveleg starta som eit fråhaldslag. Det hadde utgangspunktet sitt i Tveranger, men har med åra utvikla seg til eit bygdelag for det meste av Nordre Solund. Lagsaktiviteten har veksla mykje fram gjennom åra, men i 1985 vart det blåse nytt liv i laget. Målet var å få reist eit bygdetun for denne delen av kommunen. Lagsmøta vart haldne i tidlegare Hersvik skule fram til ein kunne opne Nord Solund Bygdetun i 1991. Huset er bygd på brakker som ein fekk kjøpe på Mongstad.

Nord Solund Bygdetun

– sjå Jonsokblomen bygdelag.

Hardbakke ungdomslag

vart skipa i 1916, men kom i fast drift frå 1926. Ungdomshuset vart bygt i 1933. Huset brann ned i 1967.

Sjøbruk og sjark i Leknessund. I dag er fiskarane frå alle bygdelaga samla i Solund Fiskarlag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjøbruk og sjark i Leknessund. I dag er fiskarane frå alle bygdelaga samla i Solund Fiskarlag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskarlaga i Solund

Solund er ein svært oppdelt kommune og hadde på det meste 11 lokale fiskarlag. Det første fiskarlaget i Solund vart skipa i Hersvik i 1919. Dei fleste andre fiskarlaga vart skipa frå kring 1935 og framover til nokre år etter krigen:

  • Utvær fiskarlag.
  • Notøy og Indrevær fiskarlag.
  • Kolgrov, Straumen og Rørdalsfjord fiskarlag.
  • Vågenes fiskarlag.
  • Dalesund fiskarlag.
  • Storøy fiskarlag.
  • Lågøy og Strandevåg fiskarlag.
  • Leknessund fiskarlag.
  • Nordsulen fiskarlag.
  • Domba og Austrefjord fiskarlag.
Dei lokale fiskarlaga vart slegne saman til Solund fiskarlag i 1971.

Solund Helselag

vart skipa i 1931. Helselaget skaffa til veges mykje pengar i samband med at alders- og sjukeheimen Solundheimen vart bygd på Hardbakke i 1966.

Redningsforeninga Framgang

vart skip for Hardbakke, Hop og Pollen på slutten av 1930-talet.

Redningsforeninga Samhald

i Ytre Solund vart skipa i 1947.

Solund Husmorlag

vart skipa i 1956. Seinare bytte laget namn til Solund Kvinne og familielag.

Hardbakke Husmorlag samla til fest i 1958. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hardbakke Husmorlag samla til fest i 1958. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hardbakke Husmorlag

vart skipa i 1957. Laget har seinare bytt namn til Hardbakke Kvinne og familielag.

Solund Bondelag

vart skipa i 1965.

Solundir Husmorlag

vart skipa i 1966. Laget har seinare bytt namn til Solundir Kvinne og Familielag. Laget har m.a. arbeidd for å skaffe inventar og utstyr til Husøy kyrkje. Også på Ytrøygrend er det kvinne og familielag.

Solund Idrettslag

vart skipa i 1970. Idrettsbana på Hardbakke vart opna i 2006, 30 år etter at dei første planane vart lanserte. Sidan 2002 har idrettslaget stått som tilskipar av Næringsdagen i Solund etter oppdrag frå Solund Næringssamskipnad.

Solund Skulemusikk

vart skipa i 1972.

Solund Grendahus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Grendahus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Grendahus

på Hardbakke vart bygt i 1972.

Solund Fiskarkvinnelag

vart skipa i 1972.

Hardbakke Båtlag

vart skipa i 1974. Laget bygde kring 1980 småbåthamn på Hardbakke og nokre år seinare i Valen.

Båthamna på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Båthamna på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ytre Solund Idrettslag

vart skipa i 1975. Laget driv m.a. med volleyball og andre idrettsaktivitetar i skulehuset og i ei leigd fiskebu.

Solund pensjonistlag

vart skipa i 1980.

Litle Færøyna Kystkulturlag

vart skipa i 1994. Laget fekk Solundprisen i 2002 for arbeidet for lokalhistorie og kystkultur.

Solund Kunstlag

vart skipa i 2000. Laget har sidan starten skipa til årlege utstillingar på Hardbakke.

Solund Sogelag

vart skipa i 2001 og har gjeve ut sogeskrift kvart år sidan. I tillegg har laget gjeve ut spesialskrifter om gamle poststopp og handelsstader.

Ytre Sogn Turlag

vart skipa i 2011 med 179 medlemer frå Gulen og Solund.

Solund har mykje å by på for dei som likar fjellturar. Her nyt ordførar Gunn Åmdal Mongstad utsynet frå toppen av Pollatind. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Solund har mykje å by på for dei som likar fjellturar. Her nyt ordførar Gunn Åmdal Mongstad utsynet frå toppen av Pollatind. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.01.2011