Hopp til innhold
X
Innhald

Oskar Netteland

Oskar Netteland fødd 1921 på Krakhellen, busett på Voss. Motstandsmann under 2. verdskrig og offiser.

Oskar Netteland fødd 1921 på Krakhellen, busett på Voss. Motstandsmann under 2. verdskrig og offiser.

Rømde 1940 saman med 17 andre til Shetland med motorgavlen «Fiks». Netteland fekk telegrafistopplæring og vart 1942 send til Solund, der han plasserte stasjonen «Pollux I» i ei hole i Krakhellefjellet. Han vart henta tilbake til England etter at folkesnakket om radiostasjonen tok til å gå i bygda, men kom etter ei tid tilbake til Solund og installerte sendestasjonen «Pollux II» i fjellhola Ospekyrkja på øya Ospa, saman med Jan Stumpf frå Kristiansand.

Etter at lokale kontaktar fekk åtvara dei to om nye rykte, rømde dei på nytt mot Sverige, men vart tekne av tyske vakter ved Iddefjorden. Etter forhøyr og tortur på Victoria Terasse fekk Netteland dødsdom, men vart berga av freden i mai 1945. Netteland er høgt dekorert for krigsinnsatsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2008