Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Takle

Paul Takle. © Fylkesarkivet.

Paul Takle. © Fylkesarkivet.

Paul Johan Hansson Takle (1871-1947) frå Hardbakke. Bonde, handelsmann, bankkasserar og Høgre-politikar.

Gjekk på Sogndal folkehøgskule, dreiv fiske frå 1889, tok over garden 1895, og starta butikk 1897 (sjå Landhandlar i Solund).

Oppsynsbetjent under vinterfisket 1921-1930. Bankkasserar i Solund Sparebank 1919-1938. Sat i kommunestyret 1898-1940 og frå 1945 til han døydde.

Han hadde elles ei mengd kommunale tillitsverv og i fiskarlag. Vararepresentant til Stortinget 1925-1927, og fast representant 1931-1933.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011