Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Solund

Postbilen til Ytre Sula ventar i ferjekø på Daløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postbilen til Ytre Sula ventar i ferjekø på Daløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hardbakke

fekk postopneri i 1867 med gardbrukar Hans Mathisen som første styrar. Fram til 1908, då adressa vart endra til Harbakke, stod det Sulen på poststempelet. I 1933 vart det endra til Hardbakke. I 1973 vart kontoret underpostkontor og frå 1977 postkontor C.

Sulen

– sjå Hardbakke.

Harbakke

– sjå Hardbakke.

Nåra fekk postopneri i 1882 med landhandlar Fredrik Christian Lambrechts som første styrar. Postopneriet hadde stempelet Nora fram til 1891, då det vart endra til Naara. I 1919 vart det endra til Nåra. i 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1986 og innordna under Kolgrov.

Nora

– sjå Nåra.

Naara

– sjå Nåra.

Krakhella

fekk brevhus med postadresse Krakhellesund i 1895 og postopneri i 1897 med gardbrukar og dampskipsekspeditør Andreas H. Krakhellen som første styrar. Fram til 1921 heitte postopneriet Krakhellen, men vart då endra til Krakhella. Kontoret var underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og lagt ned i 1997.

Krakhellesund

– sjå Krakhella.

Tangenes

fekk postopneri med adresse Tangenes i Sogn i 1896 og med landhandlar og dampskipsekspeditør Nils Nilsen som første styrar. Kontoret vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt og innordna under Hardbakke i 1989.

Tangenes i Sogn

– sjå Tangenes.

Kolgrov. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kolgrov. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kolgrov

fekk postopneri med poststempel Rognsvaag i 1899 og med gardbrukar og dampskipsekspeditør Johannes Knudsen Kalgraf som første styrar. I 1914 vart postadressa endra til Kolgrov. Kontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977.

Rognsvaag

– sjå Kolgrov.

Hersvikbygda

fekk postopneri i 1903 med lærar S.H. Systad som første styrar. Fram til namneendringa i 1921 stod det Hersvikbygden på poststempelet. Kontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977. Under same postnummer som Hersvikbygda hadde Husøy ein såkalla ”landpoststasjon” i åra frå 1989 til 1997. Denne ordninga kom då til erstatning for eit postkontor C på Buskøy.

Hersvikbygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hersvikbygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Buskøy

– sjå Hersvikbygda.

Hersvikbygden

– sjå Hersvikbygda.

Lågøy

fekk brevhus med adresse Laagøen i 1904. I 1917 vart det endra til Lågøen og sidan (ukjent år) til Lågøy i Solund. Det vart omgjort til postkontor i 1927 med poststempel Lågøy. Første poststyraren var handelsmann, dampskipsekspeditør og telefonstyrar Kristoffer Hagen. Postkontortet fekk status som underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977, og det vart lagt ned i 1997 og innordna under Hardbakke.

Laagøen

- sjå Lågøy.

Eidevågen i Nesefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eidevågen i Nesefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nesefjord

fekk brevhus i 1906 og postopneri i 1930 med dampskipsekspeditør Sigurd Eidet som første styrar. Det vart lagt ned i 1969 og innordna under Hardbakke.

Nesøy

brevhus vart opna i 1906 med dampskipsekspeditør Hans Johnsen Næssø som styrar. Adressa på brevhuset vart endra frå Nesefjord til Nesøy i Solund i 1969, og det vart lagt ned i 1972 og innordna under Hardbakke.

Nesøy i Solund

– sjå Nesøy.

Enstad

fekk brevhus i 1910. Det vart omgjort til postopneri i 1920 med dampskipsekspeditør Bernt K. Enstad som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1969 og innordna under Krakhella.

Husøy

fekk postopneri med adresse Husøen i Sogn i 1910. Den første postopnaren var fiskar Lars Sørensen. I 1921 vart stempelet endra til Husøy i Sogn. Kontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977. Det vart lagt ned i 1982 og innordna under Kolgrov.

Husøen i Sogn

– sjå Husøy.

Losna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Losna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Losnegard

fekk brevhus i 1914 med adresse Losnøen. Det vart omgjort til postopneri i 1920 med adresse Losnegard og med gardbrukar Elias Losnegard som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C og nedlagd og innordna under Krakhella i 1977.

Losnøen

– sjå Losnegard.

Steinsund

fekk brevhus i 1924. Det vart lagt ned i 1969.

Indrøy

fekk brevhus i 1928. I 1933 vart stempelet endra frå Inderøy i Solund til Indrøy. Det vart lagt ned i 1982.

Inderøy i Solund

– sjå Indrøy.

Utvær hadde brevhus i 26 år. Foto: Magne Hamre.

Utvær hadde brevhus i 26 år. Foto: Magne Hamre.

Utvær

fekk brevhus i 1933. Det vart lagt ned i 1959 og innordna under Husøy. Også Utvær fyr i Solund hadde i 1999 eit mellombels ”turiststempel”.

Ytrøygrend

fekk brevhus i 1938 og postopneri i 1955 med dampskipsekspeditør Andreas Ytrøy som første styrar. Kontoret vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt i 1997.

Dumba

fekk brevhus i 1939. Brevhuset var ute av drift i ein kort periode i 1953 og 1954. Det vart mellombels lagt ned i 1961 og endeleg lagt ned i 1963.

Strandavåg

fekk brevhus i 1940. Det vart lagt ned i 1956. Ny postadressa vart Lågøy.

Hjønnevåg

fekk brevhus i 1952. Det vart lagt ned i 1972.

Post i butikk og landpostbod

Frå 2001 til 2011 hadde heile Solund kommune berre eitt "postkontor". Det var eit såkalla post i butikk-tilbod som heldt til i ein butikk på Hardbakke og vart opna i 2001. Resten av kommunen vert dekt med postbod. Men i 2011 vart det og slutt på post i butikk-ordninga på Hardbakke fordi ingen ville ta på seg oppgåva. Dermed må alle innbyggjarane i Solund greie seg med landpostbod.

Solund Senter på Hardbakke hadde post i butikk-ordning fram til 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Senter på Hardbakke hadde post i butikk-ordning fram til 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2011