Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Haugsøen

Rasmus Haugsøen (1867-1951) frå Masfjorden. Målreisingsmann og prest. Cand. theol. 1895. Arbeidde nokre år som ungdomsprest på Vestlandet. Frå 1899 arbeidde han som prest mellom anleggsarbeidarane på Bergensbanen.

Sokneprest i Solund frå 1903 til 1907 då han vart stiftskapellan i Bjørgvin, og i 1928 domprost i Nidarosdomen. Haugsøen stod i fremste rekkja i kampen for nynorsk kyrkjemål på Vestlandet. Men i den tida han var prest i Solund, fekk han mykje motbør for nynorskbruken, og måtte ei tid la vere å nytte nynorsk i kyrkja. Den 17. mai 1906 måtte han halde preika i ein låve fordi bispen hadde nekta han å preike nynorsk i kyrkja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011