Hopp til innhold
X
Innhald

Reidun Færøy Bergstrøm

Reidun Færøy Bergstrøm fødd 1950 på Færøy, busett i Dale. Kunsthandverkar, keramikar.

Reidun Færøy Bergstrøm fødd 1950 på Færøy, busett i Dale. Kunsthandverkar, keramikar.

Utdanna ved Bergen Kunst- og Håndverksskole og Staatsakademi i Maastricht, Nederland. Har delteke i fleire kollektivutstillingar, m.a. Norske Kunsthåndverkeres årsmønstring frå 1974.

Færøy Bergstrøm har for det meste arbeidd med utsmykkingsoppgåver til offentlege bygg, og har m.a. større arbeid i rådhuset og idrettshallen i Aurland, og på dei fleste sjukehusa i Sogn og Fjordane. Det mest kjende arbeidet er nok «Fylkesbåten», som heng i inngangshallen på Sentralsjukehuset i Førde.

Sidan 1995 har Færøy Bergstrøm budd i Fjaler, dei ho underviser ved UWC i Flekke.

Gift med Arild Bergstrøm.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010