Hopp til innhold
X
Innhald

Riksmannsslekta Busch

Busch-slekta var frå midten av 1600-talet mellom dei største jordeigarane i noverande Solund. Mellom anna eigde den garden i Rånøy, som vart rekna som den rikaste garden i Utvær skipreide, i 120 år.

Ivar Busch var den første. Han var truleg son til futen i Sunnfjord, som på den tida budde på Fure - sjå: Futesetet på Fure. Han var gift med dottera til den rike handelmannen Mikkel Jakobsen i Kolgrov. Mikkel hadde grave til seg 12 gardar då han døydde i 1676. Svigersonen Ivar Busch arva dei fleste gardane, i tillegg til tre gardar i Sunnfjord.

Rikast i Solund

På Buskøy i Nordsula bygde sonen Fredrik Busch handelssete og gjestiveri i 1705, og kjøper elles ut gardar son andre sysken har arva. Han eigde elles fleire jekter og ei mengd mindre båtar og fiskebruk. Både i Solund og kring Åfjorden i Hyllestad hadde han sitjenøter for laksefiske.

Fredrik er den rikaste mann som har budd i Solund nokon sinne. I dødsbuet etter han var det m.a. ei rikt utskora himmelseng som no er på Historisk Museum i Bergen. Stova på Refsøen var prydd med måleri, gardiner og stort bordbestikk i ekte sølv. Han brukte også «tandbørste i futteral»! Sonen Nils Fredrikson ser ut til å ha mindre forretningsambisjonar enn faren, for under han vert aktiviteten mykje redusert.

Enkja blei verande

I 1777 vart Refsøen seld til Bengt Gustav Winding, som arbeidde som fullmektig hos futen Simen Hansen i Alværa. Men enkja etter Nils Busch nekta å flytte ut, og får etter mykje spetakkel lov å bu der så lenge ho og slekta ynskte. Winding døydde 45 år gamal i 1787 og eigedomane vart etter kvar delte opp.

Les meir om: Handelsstaden Buskøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008