Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Trovåg

Rolf Trovåg.

Rolf Trovåg.

Rolf Trovåg fødd 1941 i Trovåg. Forretningsmann og politikar. Var leiar for Sogn og Fjordane Fiskesalslag sitt innmeldingskontor for levande fisk i søre distrikt frå 1964 til 1978.

Kjøpte i 1974 ti-bilarsferga «Nårasund» og starta ferjetrafikk Nåra-Daløy, som gav Ytre Sula samband til indre lutar av kommunen. Ferga fekk tilskot frå kommune og fylke, og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane tok over drifta i 1979.

Trovåg var leiar i Solund Fiskarlag i mange år, og sat to periodar i kommunestyret og formannskap.

Han driv saman med kona Mimi landhandel på Nåra og Ytrøygrend.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010