Hopp til innhold
X
Innhald

Schrøder Leonard Evensen

Schrøder Leonard Evensen.

Schrøder Leonard Evensen.

(til vanleg kalla Schrøder Evensen) (1906-1944) frå Enstad i Bøvågen. Småbrukar og fiskar, og kommunistleiar og motstandmann under 2. verdskrig.

Evensen kom som unggut i Bergen med i Norges Kommunistiske Parti, og vart etter kvart ein sentral leiar og agitator i rørsla på Vestlandet. Under krigen var han illegal partisekretær for Vestlands-avdelinga. Han var ein nær medarbeidar av kommunistleiaren Peder Furubotn. Etter ein razzia kom Gestapo over eit brev der Furubotn hadde skrive at Schrøder Evensen kjende til våpenlager i Solund.

Schrøder Evensen vart arrestert på Enstad 7. september 1944 av Gestapo. Han vart ført avgarde for å vise kvar våpna låg, men valde å hoppe overbord og drukne seg for ikkje å røpe andre motstandsfolk. Sjå Aksjonen mot kommunisten Schrøder Evensen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011