Hopp til innhold
X
Innhald

Selfangstkongen Lyder Larson Strømmen

Selfangstskuta ”Øst” i Kvitsjøen i 1935. Lyder Strømmen er ein av karane på dette biletet, som vart teke medan skuta låg innefrosen i to-tre veker. Ukjend fotograf. Eigar: Oswald Strømmen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Selfangstskuta ”Øst” i Kvitsjøen i 1935. Lyder Strømmen er ein av karane på dette biletet, som vart teke medan skuta låg innefrosen i to-tre veker. Ukjend fotograf. Eigar: Oswald Strømmen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ein av dei som var mannskap på «Anna» til «Store-straumen» var Lyder Strømmen frå Straumen. Han er nok ein av dei mest allsidige fiske- og fangstmenn i Solund gjennom tidene.

Lyder Larson Strømmen vart ein av dei største i selfangarmiljøet kring 1. verdskrig. Etter å ha vore mannskap på makrellskøyter ei tid, kjøpte han i 1906 saman med Jakob Rørdal den engelske seglsluppen «George Lake» for å drive makrelldorging på eiga hand. Skuta vart på folkemunne kalla «Laken», og fekk motor nokre år seinare. I 1910 fekk han saman med Jan Hess på Buskøy bygd den 70 fot store selfangarsluppen «Polarstrømmen». Med denne seglførande sluppen dreiv dei selfangst i Kvitsjøen. Seinare selde dei og bygde ny dampbåt i 1915. Denne heitte også «Polarstrømmen». Eit par år seinare kjøpte dei sin andre dampbåt, «Hvitefjell» på 90 fot. Mykje av mannskapet på selfangstskutene hyrte dei frå heimbygdene i Solund, og bror til Lyder, Bernhard, hadde ei tid part i «Hvitefjell».

I 1918 kjøpte dei to kompanjongane Lyder Larson Strømmen og Jan Hess endå ein stor selfangar som heitte «Øst». Etter 1920 gjekk Jan Hess ut av reiarlaget, men Lyder dreiv vidare saman med ein kar frå Ålesund. Dei to hadde også trandamperi i Ålesund. Frå 1915 budde Lyder i Ålesund.

Utover 1920-talet kom krisa med dårlege prisar, og mykje av det store selfangst-imperiet til Lyder vart avvikla. Sjå «Store-straumen» under Makrelldorging og meir om Jan Hess under Handelsstaden Buskøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011