Hopp til innhold
X
Innhald

Sjørøvarane på Nautøy

Utsyn frå skulehuset på Nautøy. Foto: Magne Hamre.

Utsyn frå skulehuset på Nautøy. Foto: Magne Hamre.

I 1666 dukka det opp ei mystisk skute ved Utvær i Solund. Ola Monsson Indrevær rodde ut og såg det var eit krigsskip - ei engelsk kaperskute. Han skjøna kva ærend det hadde, rodde brennkvikt til land og varsla folk om at dei måtte gøyme både seg sjølve og alt dei åtte.

Den første han nådde var handelsborgar Jan Meyer i Klubben. Han freista å sende eindel av rikdomane sine med ein husmann som skulle gøyme dei. Men engelskmennene oppdaga husmannen, nådde han att og stal det han hadde med seg. Seinare nådde dei også att kjøpmann Meyer då han freista å kome seg unna i ein robåt med resten av verdisakene.

Losa røvarane i land

Seinare kom det fram at lokalfolk hadde losa kaperskuta inn mot land. Når det dukka opp kaperskuter, hadde folk på sjøen ordre kome seg i land snarast råd. Men to menn frå Rørdal vart tekne før dei kom så langt, og vart tvinga til å lose kaperskuta inn til lands.

Handelsmann Meyer reiste erstatningssak mot den eine. Han skulda han for landsforræderi og kravde 200 riksdalar i erstatning. Meyer nådde ikkje fram med erstatningssaka, men Nils Rørdal vart dømd for landsforræderi. Han skulle også betale reparasjonen på kapellet på Utvær, som vart stygt ramponert av sjørøvarane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.06.2010