Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Olai Trovåg

(1906–1943) frå Solund. Fiskar og soldat. Deltok i kampane i Noreg i april-dagane 1940. Rømde til England våren 1942 med motorkuttaren «Laila» og gjekk inn i Marinen som dekksmann i Shetlandsgjengen leia av Leif Larsen (Shetlands-Larsen). Våren 1943 var han mannskap på motorkuttaren «Bratholm» då den gjekk inn i Toftefjorden for å setje i land ei gruppe frå Kompani Linge.

Etter angiveri vart dei tekne til fange av tyskarane ved Ribbenesøy den 30. mars 1943. Det kom til kamp, og «Brattholm» gjekk ned. 12 overlevande vart avretta, mellom dei Sjur Olai Trovåg den 2.april 1943.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.06.2010