Hopp til innhold
X
Innhald

Skjelsanking i Solund

På Råke var skjelsanking ei god biinntekt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Råke var skjelsanking ei god biinntekt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I eldre tider var det mange i Solund som gjorde seg attåtnæring på skjelgraving. Fleire gardar fekk tinglyst freding på såkalla «østersbankar». Det var ikkje østers, men o-skjel dei grov etter.
På garden Råke vert det fortalt at dei kjøpte seg ein spesiell skjel-plog som dei kasta uti på sandgrunna og drog den mot land med eit spel. Om kvelden reinska dei skjela og salta i dunkar. Skjela vart betalt med ni kroner dunken, og kvar mann kunne gjere 100 kroner på skjelsanking om hausten. O-skjel vart den gongen seld til fiskeagn, for det meste til Lofoten. Men det har også vore østerdyrking i Solund - som i Pollen: I 1879 teikna ein G. Gill leigekontrakt på den naturlege pollen for østersdyrking. Seinare vart området leigd av Selskapet Fiskeriets Fremme for oppal av østersyngel.

Sjå også: Skjelgraving i Leikanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.06.2010