Hopp til innhold
X
Innhald

Skogplanting i Solund

Eit granfelt ved Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eit granfelt ved Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kring 1900 var det fleire ideelle organisasjonar som ungdomslag o.l. som dreiv skogplanting som ein del av «nasjonsbygginga» før 1905.

Særleg viktig var det å skogkle kysten. Såleis var det fleire gardbrukarar i Solund som i desse åra skreiv kontrakt med Bergens skog- og træplantningsselskap om tilplanting av granfelt.

Ein stor del av barskogen i Solund er planta på denne måten.

Også mellom dei nakne knausane i Ytre Solund har nokre granfelt greidd å klore seg fast. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Også mellom dei nakne knausane i Ytre Solund har nokre granfelt greidd å klore seg fast. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011