Hopp til innhold
X
Innhald

Solund Senter ANS

Solund Senter har den einaste bensinstasjonen i Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Senter har den einaste bensinstasjonen i Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund Senter ANS på Hardbakke vart reist i 1992 for såkalla skattefrie DU-midlar. Opptaket gjorde næringsdrivande i Solund saman med kommunen.

Senteret har kring 2000 kvm golvflate og rommar fleire forretningar, ein bensinstasjon og offentlege kontor:

Spar daglegvarebutikk (Siv Einen Paulsen og Jan Ole Paulsen - sjå Takle-butikken på Hardbakke), Blomster- og gåvebutikken SolGul Blomst - der Posten i 2001 opna såkalla «Post i butikk», Øybygg A/S byggjevare- og entreprenørforretning (Sigurd Kråkås), Sulen Frisør (Irene Vaulen) og Anne Hop med helsebutikk.

Elles i bygget har det vore plass til tannlegekontor, lensmannskontor, trygdekontor, likningskontor og fiskerirettleiar.

Spar-butikken i Solund Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Spar-butikken i Solund Senter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010