Hopp til innhold
X
Innhald

Solund Skips Service AS

Solund Verft. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Solund Verft. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Solund Skips Service AS i Sponevik vart bygd av Reidar Engevik i 1976. Reparasjonsverkstaden var frå starten den største arbeidsplassen i Solund, og kunne slippsetje skip på over 1000 tonn.

Reidar Engevik som starta Solund Skips Service AS.

Reidar Engevik som starta Solund Skips Service AS.

I tillegg vart det bygt ein stort maskinverkstad. Men verkstaden sleit med å skaffe oppdrag og gjekk konkurs i 1979. I november 1980 kom selskapet Solund Mekaniske Verksted AS med disponent Jostein Eldøy i gang att med ny drift.

Stad Trading

I 1985 kjøpte Blaalid Slip og Mek. Verksted på Raudeberg i Vågsøy verkstaden gjennom selskapet Stad Trading AS. Dei heldt drifta i gang til 1989, då selskapet HETO AS, eigd av dei tilsette og med Gert Totland som disponent tok over. Men dette selskapet gjekk konkurs i 1995.

Wergeland Halsvik AS

I januar 1996 vart verftet overteke av Wergeland Holding AS med base i Gulen, og fekk namnet Wergeland Halsvik AS - Avdeling Solund Verft, med avdelingsleiar Jan-Petter Færøy. (Sjå også: Sementvare-produksjonen til Wergelands-folket).

Solund Verft AS

I mai 2003 var det nytt eigarskifte ved verftet med i hovudsak lokale aksjonærar frå Solund, og verftet vart kalla Solund Verft AS, med Svein-Tore Eide som dagleg leiar.

Ny båthall

I 2010 investerte Solund verft i ny båthall der verftet kan ta inn båtar på opptil 1000 tonn. Båthallen kosta 22 mill kr.

I 2009 hadde Solund verft ei omsetning på 72,4 mill kr. Talet på tilsette auka med ti til 40 i 2010.

Etter at verftet i hovudsak hadde drive med vedlikehald og reparasjonar tok det i 2012 til med nybygging av skip. Det vart teikna kontrakt på bygging av to kystnotbåtar, konstruerte at Måløy-verksemda Seacon AS.

I 2013 hadde omsetninga til Solund Verft auka til 130 milllionar kroner.

Solund Verft frå lufta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solund Verft frå lufta. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2014