Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar Krakhellen

Foto: Asle Veien, NRK.

Foto: Asle Veien, NRK.

Steinar Krakhellen fødd 1945 frå Krakhella. Trygdesjef, postekspeditør og Høgre-politikar.

Var trygdesjef i Solund fram til 1981, då han tok over garden og postekspedisjonen i Krakhella. Ordførar i Solund 1975-1981. Medlem av fylkestinget 1982-1987.

Han vart ordførar att i 1999 etter at Høgre ved kommunevalet fekk reint fleirtal. Bak det sterke valresultatet låg dei sterke personlege og politiske konfliktane som då rådde i kommunestyringa i Solund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.11.2011