Hopp til innhold
X
Innhald

Stokkevågmannen og sjørøvarskatten

På den einbølte garden Stokkevåg dukka det opp ukjende rikdomar då Ola Johannesson Stokkevåg døydde i 1820. Han let etter seg 19 gardar og store rikdomar i gull og sølv. Segna vil ha det til at Ola er den mystiske «Stokkevågmannen»:

Han var ute og fiska då han vart sporlaust borte. Han var ute i sju år, og fortalde ingenting om kva han hadde opplevd då han kom heim att. Men då han døydde, kom det fram at mannen etter lokale forhold var ustyrteleg rik. Dei 19 gardane han eigde låg i Solund, Gulen, Lavik, Sunnfjord og Nordhordland. Buet var så stort at slekta kvidde seg i ni år før nokon fekk vite kva Ola hadde late etter seg av rikdomar.

Korleis hadde Ola skaffa seg formuen?

Ei fargerik segn vil ha det til at han vart teken av sjørøvarar då han låg ute på fiske, og at han slo seg i lag med dei i kaperfart. Dette var under Napoleonskrigane, og det var ikkje uvanleg at sjørøvarskuter opererte oppover langs norskekysten i denne ufredstida.

Mange år etter at Ola «kom bort», kom ein framandkar roande til land i Stokkevåg. I robåten låg det store mengder gull og sølv. I tillegg hadde han teke vare på ein stokk drivtømmer i naustet. Etter piratfarten visste han at dette var ein innhola stokk som piratane hadde fylt med verdisaker og kasta over bord etter å ha kome i vanskar. Han opna stokken som inneheldt endå større rikdomar.

Så langt segna si framstilling av Ola som «Stokkevågmannen» på kaperfart. Ei meir nøktern forklaring kan vere at Ola Stokkevåg var ein dyktig forretningsmann som gjorde det godt under oppgangstida i desse åra. Han var m.a. mellom dei få fiskarbøndene som på den tida var skrivekyndig. I slekta finst framleis kostbare smykke frå buet etter «Stokkevågmannen».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.01.2012