Hopp til innhold
X
Innhald

Sulens Brandforsikringselskab

Paul Takle var med på å skipe Sulens Brandforsikringsselskab.

Paul Takle var med på å skipe Sulens Brandforsikringsselskab.

Sulens Brandforsikringselskab vart skipa i 1897 av Johannes K. Laagø, sokneprest Johan E. Sverdrup, Paul Takle og Petter L. Tveranger. Dei to siste fungerte også som kasserarar for laget. Det lokale branntrygdelaget hadde stor oppslutnad: I 1920 hadde dei ein marknadsdel på forsikringar i kommunen på 82 prosent. Dei fleste av dei som stod utanfor hadde forsikringane sine i Lindås Masfjorden Branntrygdelag.

I 1964 gjekk Solund Branntrygdelag inn i det nyskipa Ytre Sogn Branntrygdelag saman med laga i Gulen, Hyllestad, Lavik, Brekke og Kyrkjebø. Lavik vart kontorstad. Dette laget gjekk inn i Gjensidige Sogn og Fjordane då dette vart skipa i 1986.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2010