Hopp til innhold
X
Innhald

Takle-butikken på Hardbakke

På dette biletet frå 1960 ser vi Takle-kaia med sjøbu og forretninga. Huset i venstre biletkant er kommunehuset, som på dette tidspunktet var bankbygning. Fylkesbåten ved kaia er MS Hennøy. Ukjend fotograf. Eigar: Johs. Mathiesen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Paul Takle starta landhandel ved hamna på gardsbruket sitt på Hardbakke i 1897. Forretninga utvida etter kvart vareutvalet til kol, jernvarer, salt og drivstoff. I 1928 bygde Takle ny butikk. Sonen Sverre tok over i 1945. Takle-familien var ekspeditørar for Fylkesbaatane frå Hardbakke fekk rutestogg kring 1930 til 1978.

Då Takle-familien gav seg, overtok Laila og Otto Einen butikkdrifta. Då Solund Senter ANS vart opna i 1992 vart butikken flytta dit. I dag er det Siv Einen Paulsen og Jan Ole Paulsen som driv Spar-butikken på Hardbakke.

Takle-kaia med butikken som i dag er ein del av Solund Brygge. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Takle-kaia med butikken som i dag er ein del av Solund Brygge. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.06.2010