Hopp til innhold
X
Innhald

Tangskjæring og taretråling

Tang og tare har vore ein viktig del av husdyrfóret for småbønder ute ved kysten. I Solund skaffa også folk seg inntekter ved tarebrenning til jodproduksjon.

Dei gamle bygslekontraktane mellom jordeigarane og brukarane gjev eit godt bilete av korleis alle naturressursar vart utnytta for å overleve på dei små jordlappane på dei steinrike øyane. I bygslekontraktane vert det detaljert gjort greie for kva brukarane kunne skjere av torv til brensel, og kvar dei kunne sanke lyng, tang og tare til dyrefôr.

Tarebrenning

På 1800-talet vart brenning av tare ei viktig attåtnæring for mange langs kysten. Slik var det også i Solund, og dei fleste kjøpmenn i ytre Solund tok imot tareoske for sal til fabrikkar. Oska vart brukt til framstilling av jod.

Den første fabrikken som vart bygd i industribygda Stongfjorden av bergensaren Kristian Faye, var ein jodfabrikk, driven frå 1897 til 1910 - sjå under British Aluminium Company . I 1952 starta Protan & Fagerlund mottak av fingertare hos Herman Færøyvik på Buskøy, og seinare vart det opna mottak også på Lundøy og Indrevær.

Skjering av fingertare vart ei eiga vinne om sommaren for folk i Solund, men det tok slutt i 1977. I 1972 starta anlegget på Buskøy mottak av stortare frå taretrålarar. Anlegget på Buskøy er det einaste i Sogn og Fjordane, og sysselsette i 2002 10 personar. Styrar er Harald Bontveit. (Sjå også: Handelsstaden Buskøy).

Fram gjennom åra har taremottaket vore eigd av fleire: Protan & Fagertun, Protan, - Hydro var ei tid inne - og i 2002 er det det amerikanske FMC Biopolymar AS som er eigar.

Taretrålaren Buskalg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Taretrålaren Buskalg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også: Rett til lyng og tare.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2010