Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Solund

På fjellet Ulvegreina står masta med utstyret som syter for at Solund har telekommunikasjon med omverda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På fjellet Ulvegreina står masta med utstyret som syter for at Solund har telekommunikasjon med omverda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Husøy

fekk rikstelefon i 1911. Stasjonen vart lagd ned kring 1973.

Buskøy

fekk rikstelefon i 1911.

Kråkevåg var den første staden i Solund som fekk telefon. Dette prospektkortfotoet vart teke i 1908, to år før den nye landevinninga kom til Kråkevåg. Foto: A/S Forenede Fotografer, Stavanger. Eigar: Johs. Mathiesen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kråkevåg

fekk telefon i i 1910.

Kolgrov

i Ytre Solund fekk telefon i 1913.

Nåra

fekk rikstelefon i 1913.

Tangenes

fekk rikstelefon i 1913.

Hersvik

i Nordre Solund fekk telefon i 1917.

Elles var det lokale telefonstasjonar i Hardbakke, Hjønnevåg, Krakhella, Leknessund, Losnegard, Lågøy, Nesefjord, Steinsund og Ytrøygrend, men andre opplysningar vantar. Telefonen i Solund vart automatisert i 1983.

Leknessund er mellom stadene som hadde telefonstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Leknessund er mellom stadene som hadde telefonstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.06.2010