Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg handel i Krakhella

Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Krakhella. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Krakhella ligg lagleg til ved den indre kystleia gjennom Krakhellesundet. Midt på 1700-talet fekk underoffiser Gregeorius Brekke løyve til å drive gjestgiveri og skjenking i Krakhellehamnen.

Krakhella ligg lagleg til i den indre kystleia gjennom Krakhellesundet. Gjestgiveriet vart drive ut på 1800-talet, då det også vart starta handel der. I 1897 fekk Krakhella postopneri. I våre dagar har Krakhella ferjesamband mot Rysjedalsvika og Rutledal - sjå Samferdsle i Solund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010