Hopp til innhold
X
Innhald

Våpen og folk til Milorg

Hjalmar Storeide.

Hjalmar Storeide.

Johannes Mathiesen.

Johannes Mathiesen.

På slutten av krigen vart Milorg-gruppene i fylket organisert av løytnant Ragnar Ulstein: «Siskin» i Sogndalsdalen og seinare på Frønningen, og «Snowflake» i Ålfotfjella i Nordfjord.

Spesialutdanna soldatar frå Kompani Linge kom frå Shetland, og tonnevis med våpen vart vinteren 1945 frakta frå Shetland og teke i land i Solund. Derifrå vart våpna frakta med Solund-skøyter gjennom minebelta ved Nesje fort (sjå Krigshistoria i Hyllestad) og inn Sognefjorden.

I Solund var den avsette presten Hjalmar Storeide og den avsette lensmannen Johannes Mathiesen sentrale kontaktar. Til saman vart det på få veker frakta over 40 tonn våpen og utstyr på tre turar inn fjorden. To av lastene vart frakta inn Sognefjorden til styrkane i Frønningen av brørne Einar og Petter Færøy på motorgavlen «Per».

Den tredje lasta på 21 tonn våpen og ammunisjon og to store fat bensin, vart frakta av Nils Enstad på «Trio». Nils stogga ved den tyske vakta på Tungodden og fekk passeringsløyve! Ein av dei som var med innover fjorden på denne turen var Milorg-mannen Reidar Engevik, seinare kjend industribyggjar i Solund.

Milorg-leiarane Ragnar Ulstein og Nils J. Knagenhjelm fortel at dei ofte sat klare med granatar for å sprengje og søkkje våpenskutene når tyske vaktbåtar kom for nær. Men det gjekk bra med alle.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.07.2010