Våpenlager og radiostasjon

Øya Begla like aust for Utvær, der det vart sett i land våpen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Våpen i Begla
Shetlandsgjengen sette i land fleire store våpenlaster i Solund under krigen. Den første kom til øya Begla våren 1942, der våpen og anna utstyr vart gøymt i ei stor ur.


Lageret vart funne og rapportert til tyskarane. Dei lokale kontaktane, brørne Harald og Peter Henriksen frå Husøy vart arresterte av Gestapo, og seinare også brørne Johan og Georg Kråkenes. Dei vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland, der dei sat til krigsslutt.
Våpenlager og radiostasjon i Ospa
Ospa er ei av dei nordlegaste øyane i Solund. Her låg det gjennom lange periodar under krigen store våpenlager. Tyskarane var m.a. på jakt etter dette lageret i Aksjonen mot kommunisten Schrøder Evensen i 1944. Ospa ligg svært godt til for observasjonar mot skipsleiene. Frå 1944 låg sulingen Oscar Neteland (seinare busett på Voss) gøymd med radiosendar i Ospa.
Les meir om krigshistoria i Solund
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 01.11.2011