Vegar i Solund

Dei fleste vegane i Solund er så smale at bilistane må bruke møteplassar for å passere kvarandre. Dette er på vegen mellom Haldorsneset og Kolgrov i Ytre Sula. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vegbygging i Solund har meir enn mange andre stader i fylket vore prega av små løyvingar og lang byggjetid.
Vegen Hardbakke-Hop
var den første vegen som vart bygd i Solund. Planlegginga starta i 1836, men vegen vart ikkje teken i bruk som rideveg før på 1860-talet. Først i 1923 vart den utbetra slik at den vart brukbar køyreveg for hest og kjerre.

Vegen frå Hardbakke mot Vaulen og Krakhella, ved Nesevågen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Vegen Vaulen-Hardbakke
med sidegrein til Eide fekk dei første løyvingane i 1937. Størstedelen av denne vegen vart ein del av riksvegen som vart opna i 1960.

Fylkesmann Nikolai Schei opnar vegen mellom Krakhella og Hardbakke 19. september 1960. Til venstre står ordførar Henrik Nybø, og attmed han lensmann Johannes Mathiesen. Vegopninga var av eit langt enklare slag enn dagens vegopningar, og standarden på den nybygde vegen var heller ikkje all verda. Ukjend fotograf, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Samanhengande veg Krakhella–Hardbakke
var ferdig i 1960. Ferjesambandet til Rysjedalsvika vart opna i 1972.

Brua over Rørdalsfjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Bru over Rørdalsfjorden
i Ytre Sula vart opna i 1960. Den går inn i sambandet over Indre- og Ytre Steinsund. Stålbrua var den gamle Langebrua frå Førde sentrum (sjå Langebrua oppkalla etter handelsmann) som vart skrudd frå kvarandre og rekonstruert i Rørdalsfjorden.
Brua over Indre Steinsund
stod ferdig i 1963.

Brua over Indre Steinsund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Veg Bjørnefjorden-Ytre Steinsund
kom 1967, og den samanhengande vegstrekninga Hardbakke-Ytre Steinsund vart overlevert i 1967.
Nåra-Kolgrov
Etter krigen vart det bygd veg Nåra-Kolgrov for pengar som var øyremerkte til vegutløysing i kyststrok. Vegen vart opna i 1967.

Vegen mellom Nåra og Kolgrov, ved Rørdalen. Vi ser vestover mot Husøystraumen og Kolgrov. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Hersvik i Nordsula
fekk vegsamband i 1972.
Veg Dumba-Engvik
var ferdig i 1977.
Veg Hjønnevåg-Ytrøygrend
opna i 1977.
Veg Ytrøygrend-Lundøy
opna i 1978.

Det finst faktisk beine vegstrekningar i Solund. Dette er frå vegen frå Strand i Nord-Solund mot Hardbakke, ved Råke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.11.2010