Hopp til innhold
X
Innhald

Vidar Underset

Vidar Underset fødd 1958 på Tangenes, busett i Ålesund. Musikklærar, folkedansar og fylkesmusikar i Sogn og Fjordane.

Vidar Underset fødd 1958 på Tangenes, busett i Ålesund. Musikklærar, folkedansar og fylkesmusikar i Sogn og Fjordane.

Har som folkedansar vunne tre Landskappleikar i pardans saman med Hilde Bjørkum. Dei har også fleire førsteplassar på Vestlandskappleiken, og Underset har også førsteprisar i laushalling (solodans) derifrå. Han har også vunne Vestlandskappleiken i pardans med Leikny Aasen.

Underset har delteke i fleire representasjonsoppdrag i utlandet både som dansar og instruktør.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.06.2010