Faktaboks

Etymologi

norrønt elvenamn Strjón 'den strøymande', og bygdenamn Strjónar

Uttale

stryn

Administrasjonssenter
Stryn
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
7 207 (2022)
Landareal
1 326 km²
Høgaste fjell
Lodalskåpa (2083 moh.)
Innbyggjarnamn
stryning
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4651 (frå 01.01.2020, tidlegare 1449)

Kommunevåpen

Kart: Stryn kommune i Vestland
Stryn kommune i Vestland fylke.
Kart: Stryn kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Stryn

Stryn sentrum ligg der Stryneelva munnar ut i fjorden. Strynedalføret i bakgrunnen.

Av /KF-arkiv ※.
Strynefjell.

Strynefjell.

Stryn er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen omfattar inste del av Nordfjord, fjell- og dalområdene aust og søraust for denne og dessutan strøka omkring Innvikfjorden.

Stryn grensar til Møre og Romsdal i nord og Innlandet i aust. I søraust følgjer grensa mot Luster toppen av Jostedalsbreen.

Kommunen vart skild ut frå Innvik i 1843. I 1922 vart eit mindre område overført frå Innvik. I 1965 vart Innvik, delar av Hornindal og eit mindre område i Gloppen slått saman med Stryn. I 1977 vart Hornindal igjen skild ut som eigen kommune.

Natur

Oldevatnet
Oldevatnet
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Stryn har djupt nedskorne dalar i mektige fjellmassiv. Fjella i nord ragar litt over 1700 meter over havet. Lodalskåpa i søraust ragar 2083 meter over havet.

Tre større vassdrag munnar ut i Innvikfjorden: Stryneelva, som gjennomløper hovuddalføret i Stryn og munnar ut ved Stryn tettstad, og dessutan Loelva og Oldeelva, begge med kjelder på Jostedalsbreen og munning i høvesvis Loen og Olden.

Berggrunnen består av gneis som tilhøyrer Gneisregionen. Mindre område langs fjorden i ytre del av kommunen har kambrosilurisk skifer som tilhøyrer Kaledonidene. Større samanhengande jordbruksareal finst i dei tre store dalføra og stadvis langs fjordsidene. Delar av Jostedalsbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark ligg lengst sør og søraust i kommunen.

Busetjing

Busetjinga i Stryn finst langs fjordsidene og i dei nedre delane av hovuddalføra med tyngdepunkt ved elvemunningane. Dei fleste innbyggjarane bur i tettstaden og administrasjonssenteret Stryn (Tonning), Olden og Innvik, og dessutan i tettgrendene Loen og Utvik.

I tiårsperioden frå 1996 til 2006 auka folketalet med 2,3 prosent mot ein nedgang på 0,7 prosent for dåverande Sogn og Fjordane fylke samla sett. Det er forventa at folketalet stagnerer og vil liggje i underkant av 7000 fram mot 2030.

Kart over Stryn kommune
Kart over Stryn kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Stryn er den største skogbrukskommunen i fylket og står for elleve prosent av hogsten i fylket. Jordbruk er ei anna viktig næring, som blir dominert av husdyrhald (mjølk- og kjøttproduksjon) og frukt- og bærdyrking, ved sida av skogbruk. Stryn er ein forholdsvis stor skogbrukskommune, og hadde i 2018 ein avverking på 18 074 kubikkmeter. Det blir elles halde geit og høns, og dessutan pelsdyr.

Industrien er allsidig og finst i fleire av tettstadene og tettgrendene i kommunen. Dei viktigaste industrigreinene er nærings- og nytingsmiddelindustri med 45 prosent av dei sysselsette i industrien (2014), trelast og trevareindustri (19 prosent) og metallvareindustri (11 prosent). Det er elles mykje småindustri med mellom anna tekstil- og kledningsindustri og produksjon av møblar og mineralske produkt.

Stryn er ein liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 109 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 16 kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 68 meter.

Dei mange brearmane dreg mange turistar til kommunen, og reiseliv er ei anna viktig næring. Der er fleire overnattingsstader, og kommunen har i alt 73 anlegg innan reiseliv.

Fjordingen er lokalavis for Nordfjord og kom første gong ut i 1928. Avisa kjem ut tre gonger kvar veke, har hovudkontor i Stryn og er redigert på nynorsk.

Samferdsel

Stryn har samband over Strynefjellet til Austlandetriksveg 15 og riksveg 258, den gamle Strynefjellsveien. Riksveg 15 held fram vestover til Måløy. Riksveg 60 fører nordover til Sunnmøre og sørover til Sunnfjord. Riksveg 613 går utover langs Nordfjord til Randabygd heilt vest i kommunen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Stryn tettstad finst vidaregåande skule.

Stryn høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje og Vågsøy.

Stryn kommune svarer til dei åtte sokna Innvik, Loen, Nedstryn, Nordsida, Olden, Oppstryn, Randabygd og Utvik i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Stryn til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Stryn

Stryn.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

For statistiske formål er Stryn kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 31 grunnkrinsar:

  • Stryn: Grov, Erdal, Hjelle, Strandsida, Flo, Tenden, Solheim, Rise, Visnes, Vik, Bø, Bergsida, Markene
  • Loen/Olden: Loen, Lovatnet, Oldedalen, Sunde, Eide, Olden, Muristranda, Rake, Skarstein
  • Innvik/Utvik: Innvik nord, Innvik sør, Lyslo, Valaker, Verlo
  • Nordsida/Randabygd: Hopland, Fjelli, Blakset, Faleide

Historikk og kultur

Steinalderøksar viser at det har budd folk i Indre Nordfjord for over 6000 år sidan. Frå bronsealderen finst fleire gravrøysar. I yngre jernalder budde mektige slekter i Strynedalen.

Tonning var tingstad frå byrjinga av 1600-talet. Utvik var handelsstad med gjestgiveri frå byrjinga av 1600-talet. Frå 1795 var Faleide skysstasjon på Den Trondhjemske postveg. På 1800-talet var Vik blant dei største gardane i Nordfjord. I dag er Mindresunde blant dei største gardane.

I dag er ein del eldre busetnad freda i administrasjonssenteret med mellom anna gjestgiveri, sjøhus og handelsstad. Med den vakre naturen sin har Stryn stor turisttrafikk. Mest kjent er Loen (Lodalen) og Olden (Briksdalen med Briksdalsbreen), begge med større turisthotell. Elles finst ei rekkje pensjonat og andre overnattingsstader og dessutan campingplassar så vel her som elles i kommunen.

Strynefjellet Sommerskisenter ligg på Tystigbreen sør for den gamle Strynefjellsveien. I Oppstryn ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter (opna i 1992), som presenterer natur og kultur frå Jostedalsbreområdet og Sogn og Fjordane gjennom film, utstillingar og botanisk hage, i tillegg til fjell- og breføring.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein venstre skråstilt lindekvist i gull med fire blad mot ein grøn bakgrunn. Dette speglar edellauvskogen i Stryn.

Namn

Namnet vart i mellomalderen skrive Strion, som tyder ‘han strøymande', om Strynselva.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aaland, Jacob: Innvik–Stryn, 1932, tre bind. Nordfjord fraa gamle dagar til no, del 2: Dei einskilde bygder, bind 3.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg