Hopp til innhold
X
Innhald

Agnar Ulvedal

XU-leiar

Agnar Ulvedal (1915-1998) frå Ulvedal i Stryn, busett i Leikanger, Oslo og Innvik. Politimann og motstandsmann under andre verdskrig. Ulvedal vart engasjert i Bergen kommunale Veddrift under andre verdskrig. Dette gav han stor fridom til å reise over heile Sogn og Fjordane, m.a. for å organisere vedhogsten.

XU-leiar

Ulevedal vart i 1942 engasjert som leiar i Sogn og Fjordane for den topphemmelege allierte etterretningsorganisasjonen XU, og greidde m.a. å få ut verdfulle opplysningar om tyskarane sine festningsanlegg på kysten. Jomar Lie frå Leikanger var nestleiar. Andre sentrale XU-folk var brørne Olav K. Henden frå Sandane og Rolv Henden frå Førde.

Politi i Oslo

Etter krigen var Ulvedal med på å starte Moelven-fabrikken i Utvik, før han reiste til Oslo og vart politimann. Her var han i mange år fram til 1978 politisjef ved Manglerud politistasjon. Deretter var han tryggingssjef i Andresens Bank i to år.

Redaktør

Ulvedal var sterkt engasjert i arbeidet i Politiidrettsforbundet, og var i over 25 år redaktør for årsskriftet «Norsk krimiminalkrønike». Som pensjonist busette han seg i Innvik. Han omkom i ei trafikkulukke ved Strynevatnet i mai 1998.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.03.2011