Hopp til innhold
X
Innhald

Agnes K. Dobakk Fjærestad

Havnen AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Havnen AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Agnes K. Dobakk Fjærestad starta på 1920-talet manufakturforretning på Tonning.

Ho døydde i 1951, og arvingen Aslaug M. Dobakk tok over forretninga saman med Menny Glomnes. Dei dreiv saman til 1977, då Aslaug slo manufakturdelen av butikken saman med skobutikken Moderne Herresko som ektemaken Asbjørn Havnen hadde starta i 1958. Han hadde også utvida vareutvalet med herrekle i 1963. Ved samanslåinga i 1977 var firmanamnet Havnen AS.

Sonen Ingvar Havnen tok over i 2001, og i 2003 starta han endå ein butikk i det nye AMFI-senteret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011