Hopp til innhold
X
Innhald

Alv O. Bergset

Alv O. Bergset fødd 1931 i Stongfjorden, oppvaksen og busett på Bergset. Bonde, kyrkjeverje og Kristeleg Folkeparti-politikar.

Bergset var i ei årrekkje medlem av kommunestyret i Stryn, m.a. varaordførar. Han var medlem av fylkesting og fylkesutval i 12 år. Bergset var fylkesvaraordførar 1987-1991 og vararepresentant til Stortinget 1985-1993.

Han var og ei tid leiar i styret for Sunnmørsbanken.

Alv O. Bergset har engasjert seg sterkt i misjons- og kyrkjeleg arbeid.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2011