Hopp til innhold
X
Innhald

Arne O. Tonning

Arne O. Tonning.

Arne O. Tonning.

Arne Olsson Tonning (1834–1892) frå Stryn. Bonde, offiser og politikar. Var ordførar 1864–1889, forlikskommissær og amtsrevisor m.a. til han vart direktør for Fylkesbaatane 1880 til 1888.

Vart valt inn på Stortinget 1868, og sat der til han døydde. Tonning vart første åra vald for Venstre, men frå partikløyvinga i 1886 var han vald for Høgre og Moderate.

Tonning vart også vald til lagtingspresident.

Sølvkrans frå Stortinget til Arne O. Tonning si båre. Kransen heng i sakristiet i Nedstryn kyrkje.

Sølvkrans frå Stortinget til Arne O. Tonning si båre. Kransen heng i sakristiet i Nedstryn kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011