Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Sølvberg

Arne Sølvberg fødd 1950, frå Sølvberg. Bonde, hardingfelespelar og folkedansar. Sølvberg har teke ei rad førsteprisar i felespel på landskappleikar og ymse distriktskappleikar, og har m.a. turnert for Rikskonsertane og representert Noreg på folkemusikfestivalar i utlandet.

Sølvberg har gjeve ut tre solo–cd–ar, og to cd–ar i samspel med andre. Sølvberg har m.a. utdanning i folkedans, og saman med ektemaken Asbjørg Sølvberg tok han første premie under landskappleiken i 2004. Han har vore mykje nytta som instruktør både i folkemusikk og dans.

Nominert til Spellemannprisen i 1990, og vann Spellemannprisen i 1996 for cd-en ”Nordfjordslåttar”. Tildelt Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane i 2006, Kongens Fortenestemedalje i sølv i 2010 og Hilmar Alexandersens musikkpris i 2013.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.11.2013