Hopp til innhold
X
Innhald

Arnvid Kyrkjeeide

Arnvid Ivar Kyrkjeeide (1927–2006) frå Stryn, busett i Sogndal, Leikanger og Hamar. Lærarskulerektor. Cand. real. frå Universitetet i Oslo 1956. Lektor ved Nesna lærarskole 1956–1959, Stavanger lærerskole 1959-1964 og Sagene lærerskole 1964–66.

Rektor ved Nesna lærarskole frå 1. august 1966 til 1972 og sidan rektor ved Sogndal lærarskule – seinare Sogndal lærarhøgskule – frå skipinga i 1972. Han leia skipinga av Sogn og Fjordane Distriktshøgskule – seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane – i 1975, og hadde det administrative ansvaret for skulen dei første åra. Kyrkjeide arbeidde ved lærarhøgskulen til 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2018