Hopp til innhold
X
Innhald

Aslak Lefdal

Aslak Lefdal på cruiseskipskaia i Olden. Foto: NRK

Aslak Lefdal på cruiseskipskaia i Olden. Foto: NRK

Aslak Lefdal fødd 1934 på Nordfjordeid, busett i Stryn. Forretningsmann.

Etter å ha drive daglegvarehandel og vore eineforhandlar av øl i Eid, starta han i 1987 engrosforretning for m.a. øl i dei nedlagde lokala etter Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt) i Olden.

I 1992 bygde Lefdal den første store spesialkaia i Sogn og Fjordane for turistskip i Olden. Forretningsselskapa til Lefdal og etterkomarane hans omset i 2005 for 150 millionar kroner. Sjå elles under ”næring”: Forretningsfamilien Lefdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.12.2007