Hopp til innhold
X
Innhald

Automobilen kjem til Stryn

I 1899 tok hotelleigar Peter Tenden ved Hotel Central i Stryn opp tanken om å starte den første bilruta i Sogn og Fjordane mellom Faleide, Mindresunde og Visnes.

Dette var to år før ein hollendar trilla den første bilen inn i fylket over Filefjell (sjå Bilen gjer sitt inntog). Men Tenden la bort ideen fordi han ikkje fann høveleg bil. (Seinare vart den same Tenden sentral inititativtakar til skiping av Fjordenes Automobilselskap).

Sjå også: Den første automobilen.

Turistrutene først

Dei første automobilane vart sette i drifødd 1910 over Strynefjellet (sjå Thor Hjelle), og i 1914 vart Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L skipa som interkommunalt eigd selskap: Først for å frakte turistar mellom Indre Nordfjord og Sunnmøre, men etterkvart også for alminneleg rutetrafikk. Billaget har sidan starten hatt hovudkontor i Stryn, og omfatta etterkvart heile nordsida av Nordfjord, samt dei næraste bygdelaga på Sunnmøre.

Ekspressbussrute til Oslo

I juni 1975 starta Nordfjord og Sunnmøre Billag i samarbeid med Ottadalen Kommunale Billag og NSB den første ekspressbussruta frå Nordfjord til Oslo. Inntil den nye heilsårsvegen over Strynefjellet vart opna i 1978 vart ruta berre trafikkert i sommarhalvåret fram til 30. september. Turen tok den gongen 12 timar. I Stryn var det korrespondanse med buss til og frå Sandane.

Ruta gjekk med buss berre til Otta, der det var omstiging til tog. Grunnen til dette var at Stortinget den gongen var sterkt oppteke av å skjerme NSB – Norges Statsbaner – mot konkurrerande parallellkøyring med rutebussar der NSB trafikkerte. På 1980-talet endra synet på slik konkurranse seg, og ekspressbussane frå Nordfjord har sidan køyrt heilt fram til Oslo.

Inn i storselskap

Nordfjord og Sunnmøre Billag fekk økonomiske problem på slutten 1980-talet. Fylkesbaatane kom då inn og overtok alle aksjane i selskapet. Fylkesbaatane overtok i år 2000 også som eigar i Ottadalen Billag.

Både Ottadalen Billag og Nordfjord og Sunnmøre Billag gjekk inn i det nyskipa Fjord 1-konsernet då Fylkesbaatane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar slo seg saman i 2002. I 2005 vart Nordfjord og Sunnmøre Billag og Ottadalen Billag slegne saman til Fjord 1 Nordfjord – Ottadalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2008