Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Stryn

Fjordingen er lokalavisa for Stryn og Hornindal. Martin Lilleheim var redaktør i 35 år. Foto: Inge Fænn

Fjordingen er lokalavisa for Stryn og Hornindal. Martin Lilleheim var redaktør i 35 år. Foto: Inge Fænn

Fjordingen

vart grunnlagt i 1928 av bergensarane Nils Hertzberg (redaktør) og Finn Larsen (forretningsførar) saman med boktrykkjar Torleif Bergmann.

Innfjordingen

- sjå Fjordingen.

Kolbein sterke

heitte eit blad som vart gjeve ut av Kornelius Sølvberg frå Blakset frå 1939 til 1947.

Småbrukaren

To bureisarar på Fjelli, Kornelius Sølvberg og Anders M. Sølvberg, starta i 1949 eit eige blad.

NRK

hadde frå midten av 1960-talet til 1983 frilans kontaktmedarbeidarar i Stryn. Kontaktmedarbeidarar har vore Samund Bjørkedal, Egil Støle, Olden, og Eivind Skjerven, Stryn.

Bergens Tidende

hadde frå 1974 til 2000 avdelingskontor i Stryn med Gunnar Nygjerd, Olden som journalist.

Sunnmørsposten

starta avdelingskontor i Stryn i 1974. Journalistar har vore Inge Fænn (i 19 år), Bård Siem og Bengt Flaten.

Radio Stryn

Radio Stryn

Radio Stryn er ein nærradio for Stryn kommune som vart grunnlagd i 1987 av Birger Meland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.09.2018