Hopp til innhold
X
Innhald

Bankar og trygdelag i Stryn

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige held til i bygningen Stryn Sparebank reiste i Stryn sentrum i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige held til i bygningen Stryn Sparebank reiste i Stryn sentrum i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige held til i bygningen Stryn Sparebank reiste i Stryn sentrum i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige held til i bygningen Stryn Sparebank reiste i Stryn sentrum i 1960. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indvigen Præstegjelds Brandselskab

vart skipa i 1874 som eitt av dei første branntrygdelaga i Sogn og Fjordane.

Innvik Branntrygdelag

– sjå Indvigen Præstegjelds Brandselskab.

Gjensidige Sogn og Fjordane

– sjå Indvigen Præstegjelds Brandselskab.

Stryn Sparebank

vart grunnlagd i 1878 (sjå elles «Kommunehistoria i Stryn»).

Sparebanken Sogn og Fjordane

avdeling Stryn - sjå Stryn Sparebank.

Innvik Sparebank

vart grunnlagd i 1882.

Sparebanken Sogn og Fjordane

avdeling Innvik - sjå Innvik Sparebank.

Stryn Brandassurancelag

vart skipa i 1899.

Stryn Branntrygdelag

- sjå Stryn Brandassurancelag.

Indre Nordfjord Branntrygdelag

- sjå Stryn Brandassurancelag.

Nordfjord Handels-og Landmannsbank A/S

var ein privatbank som vart grunnlag i 1918. Det vart mykje strid då banken utan løyve freista å etablere filial i Olden. Banken vart overteken av Stryn Sparebank i 1939.

Sunnmøre Kreditbank

etablerte filial i Stryn i 1965. Sunnmøre Kreditbank var på den tida den største og sterkaste finansinstitusjonen på nordre Vestlandet.

Sunnmørsbanken

- sjå Sunnmøre Kreditbank.

Kreditkassen

- sjå Sunnmøre Kreditbank.

Nordea Bank Norge AS

- sjå Sunnmøre Kreditbank.

Nordea, tidlegare Sunnmørsbanken i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordea, tidlegare Sunnmørsbanken i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011